top of page

      Brekkegarden



  Møtestaden       
  på
Sunnmørskysten:


  - for livsgnist, glede og grøde

Brekkegarden.jpg

Brekkegarden er vertskap for NaKuHel Sunnmøre, og garden er senter for eit breitt spekter av aktivitetar forankra i natur og kultur. Alt av undervisning, forskning, dyrestell og hagebruk tar utgangspunkt i det heilt sentrale for drivarane: Skapar vi liv i jorda, skapar vi liv over. For dyra, for oss, for alle. 

Rosesamling

Hagane er heim til ei samling historiske og botaniske roser. Blømingstida til desse er kort, men intens - og må nytast! 

IMG_4961.jpg
2018-02-15 14.37.40.jpg

Overnatting

Mangfaldige aktivitetar går føre seg på garden gjennom året, men i ledige perioder er det mogleg å leige huset. Brekkegarden har fire nostalgiske soverom med åtte sengeplassar. Dei lune romma er tilbakeført og innreia i stilen frå førre århundreskifte. 


Bytte arbeidstad for ein dag? 

Garden kan leigast til dagsseminar. Med si varme, rolege atmosfære får de ein inspirerande møtestad, der det er godt å tenkje og arbeide. Kanskje prøve eit gåande møte langs ei av alle turløypene i området? Vår cateringavtale kjem også dagsbesøkande til gode. Når de kjem att frå turen kan eit nydeleg måltid mat stå klart. 

IMG_5313 3.jpg

Galleri

Brekkegarden er ein del av Sande si kulturarv. Våningshuset frå 1893 ligg i eit tilbaketrekt og naturskjønt område. Hagar med historiske roser omkransar huset, ein  tursti slynger seg langs elva, og garden er også startpunkt for turen opp til gapahuken "Strutsely" med si vedunderlege utsikt.

bottom of page