top of page


Kjærleiken til...
Historiske roser
"Alle roser er vakre. Men ingen roser er så vakre som dei historiske rosene" seiest det.
Velkomen inn til den sanselege opplevinga når Brekkegardsrosene står i flor frå sist i juni til slutten av juli.

Historiske roser er foredla før 1867. Nokre av rosesortane i Brekkegarden har vore dyrka i Noreg sidan mellomalderen.Med sin klassiske Old World-sjarm og berusande duft, er dei dronningane i hagen medan dei blømer.
Å få vandre blant desse med ein kopp kaffi i handa ein sommarmorgon - då vert ikkje livet betre.

Pull the thorn of existence out of the heart!
Fast!
For when you do, you will see thousands of rose gardens in yourself
Rumi

'Celestial' - den himmelske rosa


I 2021 vart dei fyrste botaniske rosene planta. Dette er roser som, ein eller annan stad i verda, veks vilt. Dei er sommaren sin fyrste bodbringarar, toler alt, utheld alt... eit kjærleiksbod i seg sjølv.
Samlingane på garden tel no omlag 170 roser, botaniske, historiske og moderne. I 2026 opnar også den nye samlinga av påskeliljer. Tildelinga av Olaf Billes legat for blomsterhagens utvikling har gjort denne samlinga mogleg - slik at våre gjestar skal få vandre blant 110 ulike typar påske- og pinseliljer. Variasjonen i ulike typar her er mykje større enn dei fleste er klar over, og vi gler oss stort til opninga.

Bourbonrosa 'Great Western' har stått på garden sidan... ja, når? Ingen kan lenger hugse. Men ho blir kalla "mamma-rosa".
Alle familier burde ha ei mammarose!

'Mrs Ernst H. Krelage'
1912

Narcissus Poeticus 'Flore Pleno'
før 1861
bottom of page