Minnestad og møtestad
Kulturminnet
​
Sunnmørsstova i Brekkegarden var bygd i 1893, og står på Sande Kommune si kulturminneliste. Lærar Jakob Hatlebrekke og kona Marie budde her saman med barneflokken som talde ti born. Sju av desse vart med på den store utferda til Amerika tidleg på 1900-talet. I desse åra reiste ein stad mellom 600 -700 menneske frå vesle Sande over Atlanterhavet for å skape seg nytt liv der borte. Jakob Hatlebrekke skreiv dagbok heilt frå ungdommen av, og dagbøkene hans gir oss eit unikt innblikk både i livet til denne familien, og samfunnstilhøva elles.
​
Framsynte tidlegare eigarar har restaurert huset med varsam hand. Mange av dei tradisjonelle sunnmørsstovene er no borte, men Brekkegarden står som eit levande vitnesbyrd. "Her er det godt å vere!" kommenterar gjestar, medan dei funderer vidare på akkurat kva det er som gjer at enkelte stader har ein slik eigenarta fred over seg.

Møtestaden
​
Garden er i dag vertskap for NaKuHel Sunnmøre. NaKuHel står for Natur, Kultur, Helse, eit nettverk av verksemder der formålet er utvikling og drift av helsefremjande aktivitetstilbod for heile befolkninga.
​
Prosjekta ved NaKuHel Sunnmøre femnar om naturbasert rehabilitering, kunstnarverkstadar, naturskule, og prosjekt knytt til undervisning og hortikultur for alle aldersgrupper.
​
Sjå meir om desse aktivitetane på www.nakuhelsunnmore.no

DRIVARANE
Nina Elisabeth Bøe
&
Alv Ottar
Folkestad

Foto: Josefine Spiro
​
Nina har bakgrunn frå det frie kunstfeltet og akademia. Diploma of Acting frå ALRA, London, MA i Art & Environment frå Falmouth University, Cornwall, og MA Meistring & Myndiggjering frå Volda. Tverrfagleg orientert, engasjert i dei kunnskapsmessige føresetnadene som set grenser og skapar mulegheiter for vår forståing av samspelet kunst - natur - helse. Rosedyrkar og insektentusiast - og trur på at så vel den gode skulen som det gode livet er tinga av at mennesket blir gitt rom til å røre seg langs eit breitt spekter av aktivitetar.
​
Alv Ottar er naturvitar og ornitolog med ekspertise på havørn og kongeørn. Hovudfag i zoologi frå Universitetet i Trondheim. Lang fartstid frå offentleg forvaltning med miljøsaker som spesialfelt. Tidlegare leiar for Norsk Ornitologisk Forening og Norsk Villsaulag. Har hatt eit tusen-tals skadde fuglar i pleie sidan den fyrste vart levert til han då han var i ti-års alderen. Villsaubonde og korsongar - og trur på at mennesket står i ein heilskapleg samanheng med alt anna levande.