

Brekkegarden
Den grøderike møtestaden
på Sunnmørskysten
Fe riestad med historisk sus

Hav, fjell, vill kystnatur og lune fjordlandskap. Brekkegarden er det perfekte startpunktet for å utforske den varierte Sunnmørskysten. Nokre gjestar oppsøker aktivt alt området har å by på - andre seier dei ikkje vil noko anna enn å tilbringe dag etter dag akkurat her...
Bytte arbeidstad for ein dag?
Med si varme, rolege atmosfære er garden ein inspirerande møtestad. Her er det godt å tenkje og arbeide. Finn arbeidsgleda i våre kulturminnelista stover, eller prøv ut effektiviteten i eit gåande møte langs ei av alle turløypene i området. Når de kjem att står eit nydeleg måltid mat klart.

Overnatting
Brekkegarden har fire nostalgiske soverom med åtte sengeplassar. Dei lune romma er tilbakeført og innreia i stilen frå førre århundreskifte.
Rosesamling
Brekkegarden er heim til ei samling historiske og botaniske roser. Blømingstida til desse er kort, men intens - og må nytast!


Galleri
Brekkegarden er ein del av Sande si kulturarv. Våningshuset frå 1893 ligg i eit tilbaketrekt og naturskjønt område. Hagar med historiske roser omkransar huset, ein tursti slynger seg langs elva, og garden er også startpunkt for turen opp til gapahuken med den vedunderlege utsikta.