top of page
IMG_6245-1.jpg

'... Då slepp du 

            sitja

svolten og keid, 

so du maktar lite å

           mæle...'

IMG_6244.jpg

Seminar med middag

Rund av arbeidsdagen med middag frå vår dyktige cateringleverandør, Asko mat. Nydeleg mat av kortreiste kvalitetsråvarer, tilverka med kjærleik og omhu. Vel frå ein meny som femner om lokalmat, sesongbasert festmat, og eit godt utval av møtemat. 

IMG_8034.jpg

Lunsj til lunsj

Kom til ferdig  servert lunsj, og avslutt dagen med ein god middag. Bli natta over på eitt av våre fire rom, og vakne opp utkvilte til ny dag i lag. Vi hjelper dykk med å sette saman måltida de ynskjer. Fire måltid inkludert. 

IMG_5313 2.jpg

Skrivestove

Nytt freden på garden til å kome i mål med krevjande skriveoppgåver. Huset kan leigast som skrivestove i kortare periodar med sjølvhushald. 

IMG_8189.jpg

Helgepakke

Ei helg i romantiske omgjevnader med folk du set pris på. Sjølvhushald på fredag, mulegheit for å få levert middag på laurdag eller ynskjer de eigen kokk som serverer dykk eit suverent tre eller fem rettars måltid? Opplev området sjølv, eller bli med oss lokale til Runde, Dollsteinshola, på ørnesafari eller ein guida fjelltur. Ute hos oss kjem fjellturane med friskheitsgaranti! 

Aktivitetar

IMG_2CB5DE54DD8D-1.jpeg

Foto: Ingar Støyle Bringsvor

I lunsjen er det råd å bli med på nokre av dei mangfaldige aktivitetane på garden. Drivarane er aktivt engasjerte i prosjekt knytt til pollinerande insekt, rehabilitering av fugl, vern av tradisjonelle husdyrraser, historiske roser og terapeutisk hagebruk. Få eit miniforedrag knytt til eitt av desse tema, eller bli med på fòringa av dei sjarmerande Brekkegards-geitene. Sett gjerne av tid til å besøke den nye gapahuken med den spektakulære utsikta- eller kva med ei yoga-økt på Hidsneset medan sola går i havet?

20170722_132826.jpg
IMG_7048 2.jpg
IMG_yoga.jpg
IMG_2353.jpg
Solnedgong_frå_stova.jpg
IMG_6406.JPG
IMG_8053.jpg

Dagsseminar

Stundom har vi behov for å kome unna alt som kan forstyrre på kontoret. Brekkegarden gir deg og teamet ditt den naudsynte roa som skal til for å kome vidare. Alt AV-utstyr tilgjengeleg. God lunsj og to kaffepauser med lett servering inkludert. Vi ordnar gjerne med skyss for våre gjestar som kjem med fly til Vigra /Hovden. 

bottom of page